Blæst: «20-åringene må nesten finne ut av dette selv. Ikke kulturgubbene».

Debatt: Det er jo ikkje vi 40tisar som skal gå i bresjen for up-and-coming spotlighten her i byn? Moskus og Tor tar jo vare på oss. Akkurat slik han gjorde då eg flytta til byen i -95, skriver musiker Stig Aarskog i dette innlegget.

Ps. Innlegget ble opprinnelig publisert på Aarskogs FB-profil. 

Av respekt for dei som jobba på Blæst synes eg det er trist at det gikk under. Men trass at eg har sterke og tusenvis av minner der både som stamkunde og musikar så er ikkje frustrasjonen min så stor over å miste konsertscena.

Ei mellomstor scene i byn viste seg å enten vere for stor eller liten. Store Samfundet og lille Moskus står igjen som sterke aktørar. I tillegg finnes Byscenen og Verkstedhallen. Vi har plass til alle band i byn. Ingen grunn til panikk.

Eg håper likevel at det finnes nokon frekke 20-30-åringer som finn på eit konsept som kan trekke folk inn i et miljø som levera dagsaktuell live-musikk. Men å legge til rette for fem mann i et rockeband med liten trailer full i utstyr som treng enormt med scenerigg synes eg er et seigliva og utdatert konsept. Og Byscenen/Verkstedhallen/Samfundet er meir en kompetente til å ta seg av den biten.

Om nokon vil ta vare på dagens 20-30isar må dei nesten finne utav det sjøl. Ikkje «kulturgubbane».

Det må da finnes et annerledes format for live pop og rock som kan selge som hakka møkk til dagens kids?

Kanskje løysinga er eit konserlokale kun 10 m2 større enn Moskus som er så ungt og hipt at folk trur eg er sivilsnut når eg dukkar opp i gode sko, blåskjorta og gamle denimjakka utanpå?

Les også innlegget: «Jeg føler ærlig talt en viss skadefryd over at Blæst har gått i graven

Live-klubb med sjel, identitet og muligheten til å svitsje fra scene til nattklubb/dagpøbb på en liten halvtimes rigg? Mindre husleige; 50-lapp meir i inngang. Tettare og meir dedikert publikum osv…

Men eg veit jo ærleg talt ikkje ka ungdomen vil ha no til dags? Det er jo ikkje vi 40tisar som skal gå i bresjen for up-and-coming spotlighten her i byn? Moskus og Tor tar jo vare på oss. Akkurat slik han gjorde då eg flytta til byen i -95.

Om nokon vil ta vare på dagens 20-30isar må dei nesten finne utav det sjøl. Ikkje «kulturgubbane».

Dagens ungdom har kanskje fått Kygo og lap-top-heismusikk-stempelet men musikkhistoria viser gang på gang at markedet går lei av «quiet is the new panflute» og brått er det plass til bråkete og karismatiske liveband på hitlistene igjen.

Dagens ungdom har kanskje fått Kygo og lap-top-heismusikk-stempelet men musikkhistoria viser gang på gang at markedet går lei av «quiet is the new panflute» og brått er det plass til bråkete og karismatiske liveband på hitlistene igjen.

Og desse treng nødvendigvis ikkje å starte karriere på ei 10 meter brei konsertscene. Eg håper berre at dei ikkje er fem og menn. Heller to pønkejenter på gitar og bass med ein laptop-kis i front som brøler på esperanto mens eg forlater lokalet og mumlar «forbanna drittmusikk». Då snakkar vi!

FB-«rantane» angående nye konseptet på Solsiden vart kun eit humoristisk blindspor for min del. Blæst er over. På tide å sjå framover.

PS! Spelar konsert med eitt 5-manns rockeband på Byscenen i november. Sorry.